Hjelp som nyttar i krig

Artikkel i Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS):
Vi har snakka med veteranen Terje S. som har hatt fleire turar til Ukraina for å hjelpe med transport av mat og medisin til folk som treng det, både på grensa og inne i landet.

I mange år har han reist til område med krig eller andre typar katastrofar for å hjelpe til.

Artikkel fra Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS Vest).

Fra Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS)

Når eg kjem til eit krigs- eller katastroferamma land er eg oppteken av at det eg bidreg med av hjelp er nyttig.
— Terje Sæterbø i Helpers.no

Fungerande system på kort tid

Når krigen braut ut i Ukraina var han og fleire, både veteranar og helsearbeidarar, raske med å reise dit for å hjelpe. Dei oppretta dialog med ordførarar på grensa, både i Ukraina og i Polen, for å laga til ein «fasttrack» over grensa. Denne kom på plass på eitt døgn.

Dei fekk vite om eit kjøpesenter som eigentleg skulle rivast. Då flyktningane på grensa ikkje hadde nokon plass å vere, vart dette kjøpesenteret brukt som opphaldsstad for flyktningane. Inne på kjøpesenteret er det plass til heile 3000 personar.

Hjelp til hjelparane

Etter kvart har fleire hjelparar reist frå Noreg til Ukraina. Terje fortel at organisasjonen som kallar seg Helpers vart oppretta. Dei jobbar med å gi god og praktisk hjelp til andre hjelparar. Dei er også opptekne av å ta kontakt med myndigheitene, og er tydelege på at dei er gjestar i landet deira.

Noko av det dei har bidrege med er å lage eit planverk for rømming, i samarbeid med lokalt forsvar og politi. Dei har også gjort innkjøp av store kvantum straumbankar (powerbanks), som kan nyttast ved straumbrot.

–  Det er svært dårlege forhold, det har vore tilfelle kor legar må operere med berre mobiltelefon som lyskjelde, fortel han.

I løpet av 14 dagar fekk dei tak i trailerar som hadde med naudhjelp og sjukehusutstyr. Terje fortel at dei har finansielle krefter som kjøper ting, men at dei sjølv reiser ned som frivillige, utan løn. Dei hjelper av hjarta.

Eit stort problem ved grensa er registrering av flyktningar. Terje fortel at Helpers har fått bistand frå SINTEF til å utvikle eit armband med QR-kode for å registrere flyktningar.  Speiderjenter i 15-16-årsalder registrerer fleire tusen flyktningar om dagen ved hjelp av dette armbandet. Registreringa er basert på dokumentasjon og det vert teke bilete av flyktningane som blir kobla til dokumentasjonen.

Utfordringar med «alle» som kjem for å hjelpe

Terje fortel at ei utfordring ved grensa, er alle som ynskjer å hjelpe. Det kan vere vanskeleg å skilje kven som har gode hensikter og ikkje. Det er folk som vil vere sjåførar og hjelpe flyktningar ut av Ukraina, men når dei får beskjed om å registrere seg og vise politiattest, så snur dei og kjører attende.

– Noko av bakgrunnen for at vi fekk laga armbandet, var nettopp for å unngå menneskehandel, seier han.

Han fortel vidare at flyktningane ikkje treng klede ved grensa. Dei har forlatt det meste av det dei eig, og reiser med lite bagasje. Likevel kjem det busslast med klede og leikar.

– Eg såg eit barn komme gåande med bamsen sin, men han forlot den ved grensa og satt ned eit kors. Det er fleire slike kosedyr som har fått kors ved grensa, seier Terje.

Ved kjøpesenteret som husar flyktningar var det fleire innbyggjarar som ville levere mat. Også her er det usikkert om ein kan stole på at alle dei som vil levere mat har ærlege hensikter. På grunn av denne usikkerheita, bestemde dei at det tryggaste og mest praktiske er at maten vert laga på eiga kjøkken.

Dei får også tildelt store mengder medikament. Desse må kvalitetssikrast før dei vert utdelt.  Medikamenta vert deretter fordelt til sjukehus og sjukeheimar i Ukraina, basert på behov som er registrert i ein app som Helpers har fått laga.

– Mest stolt over alle barna vi har hjelpt

Ved eitt tilfelle fann dei ei lita jente. Ho hadde gått i fire døgn, og var midlertidig døv på grunn av bombenedslag.

– Det er veldig mange barn som går rundt i skauen ålene, då dei ikkje tør å komme fram. Dei gøymer seg fordi dei vaksne sloss og stikker kvarandre, seier han.

Terje fortel at han er mest stolt over alle barna dei har hjelpt.

– Det er eit hotell ved grensa som er kjøpt opp av ein amerikansk millionær. Dette fungerer som ein barneheim. Alle barn vi finn vert sendt hit. Det kan vere barn som svirrar rundt fordi foreldra deira har døydd. Nokre barn er åleine på grensa, gjerne med ein lapp i handa med namn på eit familiemedlem, då foreldra har reist for å krige, fortel han.

Dei har også blitt kontakta av foreldre som ber om at dei henter barna over til Polen.

– Det er forferdeleg når ein ikkje kan hjelpe alle.

Nokon kjem til å slite

Terje fortel at han trur fleire vil få problem etter tida dei har vore hjelparar i Ukraina. Det er mange unge som kjem, og som reiser inn i Ukraina for å hjelpe med å hente ut folk. Nokre opplever at folk døyr på vegen til sikkerheit. Nokre blir også beskutt. Dei opplever svært mykje. Dei har sett små barn døy. Han fortel at hjelpearbeidarane som er der nede gjer ein kjempejobb, men han trur fleire kjem til å slite. Det er mange som allereie er mentalt utslitte av å hjelpe skadde folk ved fronten.

– Mange reiser frå Noreg utan ein plan, og gjer for dårleg research. Folk vil hjelpe, men det nyttar ikkje nødvendigvis, det må vere eit system i det.

– Mange frivillige jobbar altfor lenge, fordi dei brenner for å hjelpe. Vi som er veteranar kan vere med å styre løpet i ein annan retning, då vi har viktig erfaring som frivillige. Veteranar veit også mykje om kva ein kan oppleve i krig, og kan ha ei rolle i så måte ovanfor dei andre frivillige, seier Terje.

Han fortel om folk ved grensa som ventar på å kunne verve seg, men at mange snur når dei forstår kva dette inneber.  Ein binder seg til ein kontrakt som krev at ein ikkje forlater Ukraina på eitt år. I tillegg er det gjerne Wagnergruppa og tjetjenerar ein møter ved fronten. Ein sjukepleiar Terje har snakka med, fortalde om grusomme scener etter eitt av dei russiske angrepa.

Det er viktig å ta vare på seg sjølv og kvarandre.

Terje meiner at ein likevel må vere sikker på at ein er i stand til å takle det ein møter der før ein reiser.

Kjenner på sinne og skuffelse

Terje fortel at det går bra med han, men at han kan kjenne på eit sinne. Sinne over kjensla av at det vert gjort lite for å betre på situasjonen for flyktningar og frivillige ved grensa.

Han fortel at han stort sett klarar å slappe av når han er heime. Men det er vanskeleg. Han har vore ute og teke fly heim att og gått direkte i barnebursdag.

– Då kan det bli eit kjør i hovudet av og til. Eg klarar meg godt, men eg likar ikkje å snakke om det, for då strøymer det på.

Han ser ikkje på TV heime. Han kan kjenne seg skuffa over dei norske store organisasjonane. Skuffa over den norske staten. Han seier at 80 % av det som vert gjort der nede drivast av små frivillige organisasjonar.

Sjølv kjenner han at han må vere der nede. Sjå folk i augene.

Neste
Neste

Paedophiles, traffickers and opportunistic criminals arrive to prey on the misery of refugees