Ingvar tok sluttpakke frå jobben. Så reiste han til Polen for å hjelpe krigsramma ukrainarar

I fire veker har flesbergkaren Ingvar Torsvik Myrvollen arbeidd ved eit flyktningmottak i Polen. Men planen var eigentleg å verve seg til den ukrainske hæren.

“Her i distriktet er kanskje flesbergkaren Ingvar Torsvik Myrvollen mest kjent som iherdig sjef for Sølvbyen, forgjengaren til det som i dag er Kongsberg næringsforum. Så flytta han til Sogn og Fjordane, og byrja som fylkessekretær i Sogn og Fjordane Høgre i august 2006.

31. januar i år – etter 15 år – tok Myrvollen sluttpakke og gav seg som fylkessekretær i Høgre i Sogn og Fjordane. Men engasjementet til 54-åringen stoppa ikkje der.

Då Russland invaderte Ukraina, kjende Myrvollen på at han ikkje kunne sitje stille og sjå på. For det handlar ikkje berre om Ukraina sin framtid, det handlar om vår alles framtid, peikar han på.”

Forrige
Forrige

Var 25 dager på grensa for å hjelpe ukrainske flyktninger – Det var fullstendig kaos

Neste
Neste

Mosjøen til Ukraina – Vi betaler om nødvendig fra egen lomme